Maskinpark | Fjordane Bioenergi

Maskinpark

Fjordane Bioenergi satsar på mobile maskiner slik at vi kan kverne virke andre stadar enn på miljøparken i Stryn. Leigekverning er eit av våre satsingsområde, og då må vi ha mobilt utstyr. Maskinene er kraftige og kan ta på seg det meste av kverningsoppdrag.

Vi har både knivbasert trommelhoggar til jomfruelig virke, og hurtiggåande hammarkvern utstyrt med magnetband som er effektivt mtp fjerning av metall frå returvirke.

Til mating og sortering har vi ei sorteringsgravemaskin med hevbar hytte. Dette gjer at føraren kan sitte i ca 4 meters høgde med god oversikt under arbeidet.

Eschlböck Biber 80
2008 mod, 480 hk.


Denne trommelhoggaren brukar vi på alt av jomfruelig trevirke. Heiltre og stammevirke på opptil 55 cm i diameter går direkte i hoggaren, mens større dimensjonar deler ein av med ei hydraulisk klo. Med framdrift på alle hjul kjem denne seg godt fram.

Sjå eschlboeck.at for meir informasjon

Tim Envipro SD 1520 A
2003 mod, 520 hk.


Dette er den hurtiggåande kverna vår som vi brukar til å kverne grovkverna virke ned til ønska størrelse. Med utskiftbare sikter på 200mm, 100mm, 75mm og 50mm kan vi justere størrelsen på flisa til den kvalitet som kunden ønskjer.

Sjå neuson-ecotec.com for meir informasjon

Liebherr 904 C

2006 mod


Med hevbar hytte til 4 m, rekkevidde på ca 13 m og sorteringsgrabb er denne maskina ideell for sortering av returtrevirke og mating av kvernene.

Sjå liebherr.com for meir informasjon

Fjordane Bioenergi AS | Stryn Miljøpark, 6783 Stryn | Tlf.: (+47) 996 37 758 | Faks: (+47) 57 87 30 46 | post@fjordanebioenergi.no | Org.: 992 436 778 MVA