Fjordane Bioenergi | Fjordane Bioenergi

Fjordane Bioenergi

Fjordane Bioenergi koblar miljøvennlege bioenergiprosessar med gjenvinnings- og skogvirke og skapar konkurransedyktig grøn varme på Nordvestlandet.

Fjordane Bioenergi vart stifta i mars i 2008 og er ein profesjonell flisleverandør på Nordvestlandet lokalisert i Stryn. Vi leverar energiflis til fjernvarmesentralar og leiger ut utstyr til kverning for andre. Som flisleverandør med ambisjonar skal vi arbeide oss inn i varmemarkedet med eigne prosjekt av ulik størrelse innan gards-, industri- og nærvarmeanlegg. Vi er og innvolvert i fjernvarmeprosjekt der vi bidreg med vår kompetanse på råstoff og tekniske løysingar. Ved å ta hand om større del av verdikjeda frå skog til produsert varme kan vi effektivisere og kvalitetssikre dei ulike arbeidsoperasjonane.

Historie


I 2005 vart det inngått ein intensjonsavtale mellom Tenden Container og Gjenvinning (TCG) og Stryn Energi om levering av biobrensel til Stryn Fjernvarme AS (som då var under planlegging).

Fjordane Bioenergi AS vart etablert i mars i 2008 som heileigd datterselskap i O. Tenden Holding då fjernvarmesentralen var komen på plass. Dette var det første flisfyringsanlegget i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og vi har hausta mange viktige erfaringar frå dette prosjektet.

I januar 2009 vart ein intensjonsavtale med Tussa Energi AS om levering av biobrensel til deira fjernvarmeanlegg Ørsta eldhus. Anlegget har planlagt oppstart i løpet av vinteren 2011 og vert vår største kunde. Som følge av dette samarbeidet gjekk Tussa Energi AS i mai 2010 inn i selskapet og er no likestilt eigar med O Tenden Holding AS.

1. september 2010 fekk Fjordane Bioenergi AS ansett dagleg leiar som skal arbeide på fulltid med å utvikle selskapet vidare. Med to langsiktige lokale selskap inne på eigarsida ser framtida lys ut for Fjordane Bioenergi AS.


Visjon

Bli leiande på grøn varme på Nordvestlandet!



Hogging på SvarstadStatsråd Liv Signe Navarsete og Ordførar Nils P. Støyva under opning av Stryn FjernvarmeStyret, dagleg leiar og konsulent

Fjordane Bioenergi AS | Stryn Miljøpark, 6783 Stryn | Tlf.: (+47) 996 37 758 | Faks: (+47) 57 87 30 46 | post@fjordanebioenergi.no | Org.: 992 436 778 MVA