Bioenergi | Fjordane Bioenergi

Bioenergi

Bioenergi er energi som har sitt opphav i materiale som er danna ved pågående biologiske prosesser - til forskjell frå fossil energi, som kjem frå biologisk materiale danna på eit tidlegare stadium i jorda si historie.

Bioenergi omfattar ved, skogsflis, hogstavfall, halm, torv og avfall frå treforedlingsindustri, treindustri o.l. Bioenergi vert lansert som CO2-nøytral, og enkelte hevdar at den vil erstatte fossilt brensel heilt eller delvis ein gong i framtida.

Det årlige uttaket av bioenergi i Norge ligg på ca. 16-17 TWh, som er ca 6% av det årlige energibehovet i Norge. Berekningar viser at det nyttbare potensialet - dvs. den mengden som det er teknisk, økonomisk og økologisk forsvarlig å ta ut - ligg på 35 TWh.

Olje- og energidepartementet har lagt fram ein eigen strategi (sjå www.regjeringen.no/upload/OED/Rapporter/Bioenergistrategi.pdf) for å auke utbygginga av bioenergi som oppfølging av Klimameldinga (stortingsmelding 34 2006-2007) der det er sett eit sentralt mål om å:

Sikre målretta og koordinert virkemiddelbruk for auka utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020

Fjordane Bioenergi ønskjer å bidra til meir bruk av bioenergi på nordvestlandet og vil vere deltakande i verdikjeda heilt ifrå stubbe til ferdig varme levert i veggen. På denne måten er vi med og bidreg til betra kraftbalanse i regionen og reduserte CO2-utslepp.


Fjordane Bioenergi AS | Stryn Miljøpark, 6783 Stryn | Tlf.: (+47) 996 37 758 | Faks: (+47) 57 87 30 46 | post@fjordanebioenergi.no | Org.: 992 436 778 MVA