Samarbeidspartar | Fjordane Bioenergi

Samarbeidspartar

Fjordane Bioenergi AS vart starta av Olav Tenden og har tett samarbeid med dei andre selskapa i Olav Tenden konsernet. Dette samarbeidet har vore avgjerande for etableringa og drifta av Fjordane Bioenergi AS.

Tussa Kraft AS kjøpte seg inn i selskapet i mai 2010, og vi har nær kontakt med dei som står for utbygginga av Ørsta Eldhus. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare for å bygge opp kompetanse og å kunne dra nytte av kompetanse i Tussa-konsernet.
Olav Tenden Transport AS (OTT) samarbeidar vi med innan transport-, kran- og tekniske tenester.Tenden Container og Gjenvinning AS (TCG) er ein viktig samarbeidspart som vi leiger inn personell, utstyr og verkstadtenester med. Personellet frå TCG har opparbeida seg god kompetanse på kverning/hogging av flis, og spelar ei viktig rolle i produksjonen av kvalitetsflis.
OTT logoTCGlogo

Vi har eit godt samarbeid med Miljøkvalitet AS i Sykkylven og Norddalen Miljø AS på Otta som leverar reint bygg- og rivingsvirke til oss. I tillegg samarbeidar vi med lokale sagbruk, treforedlingsindustri og entreprenørar for å få tak i dei mengdene og kvalitetane virke vi har behov for.

På kundesida samarbeider vi med Stryn Fjernvarme (SF) og Ørsta Eldhus.

Fjordane Bioenergi AS | Stryn Miljøpark, 6783 Stryn | Tlf.: (+47) 996 37 758 | Faks: (+47) 57 87 30 46 | post@fjordanebioenergi.no | Org.: 992 436 778 MVA