Leigekverning | Fjordane Bioenergi

Leigekverning

Vi har topp moderne utstyr som vi brukar til kverning/hogging av biovirke for andre. Vår maskinpark kvernar virke til ønska størrelse og har stor kapasitet.

Vi kvernar det meste av returvirke, pallar, hun, tømmer, heiltre, avkapp osv og tek på oss oppdrag på heile nordvestlandet og austover mot Otta og omegn. Med utskiftbare sikter på 50, 75, 100 og 200 mm kan vi kverne virket ned til den størrelsen som er ønska. Det er og mulig å kun grovkverne virket med den saktegåande kverna.

Med hjulgåande gravemaskin med sorteringsklo for innmating og sortering og både saktegåande og hurtiggåande kverner med magnetband er vi veldig fleksible og kan tilby kunden den kvaliteten som er ønska.

Vi vurderar og å kjøpe oss ein mobil hoggar for å kunne hogge jomfruelig virke. Ein hoggar er meir ømfintleg for jord og stein og set difor endå større krav til reint virke enn kvernene. Fordelen med ein hoggar er at flisa vert meir homogen og inneheld mindre finstoff.

Kontakt oss gjerne dersom du treng leigekverning.

Kverning med sakte- og hurtiggåande kvern i serie. Innmating med sorteringsgravemaskin.
Kverning med hurtiggåande kvern.

Fjordane Bioenergi AS | Stryn Miljøpark, 6783 Stryn | Tlf.: (+47) 996 37 758 | Faks: (+47) 57 87 30 46 | post@fjordanebioenergi.no | Org.: 992 436 778 MVA