Energiflis | Fjordane Bioenergi

Energiflis

Med eigen flisterminal i Stryn Miljøpark og moderne utstyr kan vi kverne/ hogge flis til ønska størrelse og kvalitet. Vi leverar flis av den kvalitet kunden ønskar, og kan levere alt frå flis av rivnings- og pallevirke til hogd skogsflis frå reint stammevirke.

Råstoff til flisproduksjonen tek vi imot kontinuerlig, og med nær kontakt til transportbransjen kan vi ordne med innhenting dersom dette er ønskeleg.

Vi tek imot tømmer, bakhun, heiltre frå skog- og veikantrydding, reine pallar, reint avkapp frå treindustri, reint rivingsvirke og anna trevirke som egnar seg til flisproduksjon.

Dersom det er ønskeleg å levere virke til oss er det ein fordel at vi vert kontakta tidleg i prosessen. Dette fordi virket vi tek imot må vere heilt fritt for mold, stein, sand og anna forureining som skapar problem i forbrenninga og slit veldig på utstyret vårt.

Det er også viktig at vi får klarheit i kva som skal leverast då vi ikkje tek imot kva som helst. Kratt, småbusker og GROT (GReiner Og Toppar) er virke som har stor andel finstoff, og det er virke som er lite interessant for oss.

Ved å opprette kontakt tidleg kan vi sjå på prosjektet i fellesskap signalisere kva som er interessant for begge partar. Flisproduksjon er ein marginal bransje, og det er difor viktig med tidleg og god kommunikasjon.

Kontakt oss dersom du er interessert i å levere virke til oss eller kjøpe energiflis!

EnergiflisStammevirke
Heiltre av lauvskog

Fjordane Bioenergi AS | Stryn Miljøpark, 6783 Stryn | Tlf.: (+47) 996 37 758 | Faks: (+47) 57 87 30 46 | post@fjordanebioenergi.no | Org.: 992 436 778 MVA